Om meg

Bildet mitt
Turdame. Blir lykkeleg av lyden av bølger som slår mot land eller ein bekk som sildrar. Blir også lykkeleg av lukta av skogbunn og stiar ute i naturen. Fargar betyr mykje for meg og stein finst i alle rom i huset.

mandag 16. april 2012

Oransj

Ny energi med fargar

Fargar påverkar oss både på jobb og privat, det same gjer sollys. Er du sliten og ønskjer ny energi i kvardagen, la fargar bli ei kjelde til inspirasjon. Fargar kan både berolige og stimulere, gi energi eller tappe for energi. Oransj er ein spanande farge, den set heile kroppen i sving. Tenk på kva ein appelsin gjer på eit fat, den både luktar og smakar godt.

Treng du ny energi, sett eit fat med appelsiner på bordet, ta eit oransje fargebad, pynt rommet med oransje blomster, prøv dusjgele med appelsinduft og C-vitamin hudkrem. Ta på ei oransje T-skjorte. Snart vil du merke den varme og stimulerande energien!

Bilda under vart tekne sist eg hadde far min på besøk, han bur i Spania og hadde med appelsiner som han hadde plukka på treet i bakhagen sin. Heilt spesiell smak, direkte frå treet utan mellomledd. Solmodne appelsiner gir energi!








Kvardagskosen min :)
Espresso og mokkabønner, ein højdare vart det med appelsin frå Spania i tillegg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar