Om meg

Bildet mitt
Turdame. Blir lykkeleg av lyden av bølger som slår mot land eller ein bekk som sildrar. Blir også lykkeleg av lukta av skogbunn og stiar ute i naturen. Fargar betyr mykje for meg og stein finst i alle rom i huset.

søndag 30. september 2012

Strikking er ingen sak - men montering er...!

Då er både Marius og Dorthe
klar til bruk :)
Det sat langt inne med montering av Marius-genseren,
måtte ha mor mi på besøk til hjelp og støtte.
Deretter klarte eg det meste sjølv,
men vart ikkje fornøgd med isyinga av ermane,
så der tok mamma over.
Godt å ha mødre!
 
Strikka i Sisu på pinnar nr 3
slik at han ikkje skulle bli for tjukk

Strikka med 2 ulike garn,
eine er blanding av alpakka og ull,
andre er mix av silke og mohair.
Skikkeleg "varmeovn" dette!

Strikka likegodt ein hals attåt,
er sånn skjerfdame eg...
Kjempetynt garn, mjuk og god
(Same garn som det tynnaste i genseren)

 
 

onsdag 26. september 2012

Signalen - igjen...

Om å gjere å nytte fineveret, kven veit
når neste regnbyge kjem - og kor lenge
ho varer...
 
 
Torill i skogen nederst i Skjongskaret


Stien er meir som ei lita elv


På toppen, dette gjorde godt!


Tuppen og Lillemor


Utsikt mot aust, veldig klar luft

Ut mot havet


 


mandag 24. september 2012

Alnes - ein aldeles nydeleg dag :)

Etter å ha vore innomhus og laga kort heile helga
så var det godt at veret framleis viste seg frå si beste side.
Alnes er utruleg vakkert!
 

Alnes

Sjølvportrett

Alnesvatnet

Johan Skytt

 

fredag 21. september 2012

ÅÅÅÅÅ, endeleg SOL igjen!

Det gjorde godt å sjå sola att!
Då fekk vi berre la alt bli prioritert vekk,
ut på tur!
 
 
Blimsanden

Når eg lyr matmor får eg go'bit

Eg var også på tur ja ;)

FULLT FIRSPRANG, DETTE VAR KJEKT!

Fyret på Blindheim


 


mandag 17. september 2012

Ruskeverstur på Alnes

I dag hadde Nina og eg samanfallande fridag,
og kva er då betre enn å lufte haudet langs strendene på Alnes?
Klisj klasj vart vi,
men det var no berre å bytte på seg tørt og varmt
når vi kom heim.
Påfyll!
 





 
 


lørdag 1. september 2012

Hageutstilling på Humla



Har vore på Humla på hage/keramikk/smykkeutstilling
i dag. Slikt gjer påfyll på sjela.
Så var der ei lita blå dame som berre måtte
flytte til Vigra.
Skal tru kvifor bloggen min heiter Blå???