Om meg

Bildet mitt
Turdame. Blir lykkeleg av lyden av bølger som slår mot land eller ein bekk som sildrar. Blir også lykkeleg av lukta av skogbunn og stiar ute i naturen. Fargar betyr mykje for meg og stein finst i alle rom i huset.

mandag 30. juli 2012

Olsok på Reindalsetra

Dette er ein av yndlingplassane mine!
Hadde eg brydd meg om vermeldinga på yr.no
så hadde eg gått glipp av ei fantastisk helg!
Kosa meg i godt selskap med svigerinne Judith
frå Bergen.

Målet for turen


Litt tåkete på veg opp,
men det var berre trolsk.
Til slutt kom vi over tåka.


"Ein kjem ikkje til fjells
når ein går på flat veg"

Sula Trad Jazz skapte særdeles god stemning
Kokken i forgrunnen (med grønt "forkle")

På søndag skein det heilt av!

Særs kraftig vannføring i fossen

Judith samlar røter,
snart på tide å lage juledekorasjonar...




fredag 27. juli 2012

På tur igjen

Det har vore mange veker der alt anna enn tur har vore prioritert.
Kjenner at eg har sakna det.
Det er godt at vi har naturen rett utfor døra i kommunen vår.
Ikkje skal ein høgt før ein har godt utsyn heller.


Alnesfjellet


Bremneset


Signalen

Har varma opp med desse tre småturane denne veka,
i morgon blir det tur til Reindalsetra og olsokfeiring.
Håpar regnet held seg vekke!




Trendy?



På diverse tursider ser eg at tingen er
å stille til fotografering med bar overkropp.
Tenkte eg måtte prøve også,
var faktisk ganske deilig!