Om meg

Bildet mitt
Turdame. Blir lykkeleg av lyden av bølger som slår mot land eller ein bekk som sildrar. Blir også lykkeleg av lukta av skogbunn og stiar ute i naturen. Fargar betyr mykje for meg og stein finst i alle rom i huset.

mandag 30. april 2012

Morgentur på Signalen

Når fridagane ikkje er så mange så blir dei desto meir verdfulle!
I dag var det tidleg opp og avgårde på Signalen.
Sola skein og det var iskald vind.
Kroppen var ikkje treig sjølv om det var over ei veke sidan sist fjelltur.


Bjørka sprett!
Dårleg bilde, men...

Elisabeth, turveninne og klubbveninne

Litt klivring

På toppen, fekk med oss sola på formiddag

Nordavindssveis :)

Vidt utsyn på liten topp

Eine varden på Signalen


fredag 27. april 2012

Hmm, jaja...

"Når man er sånn førti eller femti år, slutter damene å legge egg.
Det vil si at de ikke lenger kan produsere folk.
Hekkingen begynner sånn i fjortenårsalderen og varer helt til middelalderen."
Sitat frå barnemunn







tirsdag 24. april 2012

Katt - og kvinner...

Kvinner er som katter.
Begge kan man kun tvinge til å gjøre det som de selv gjerne vil.
Sitat Sidonie Gabrielle Colette (1873-1954)

Fine katten vår NIKOLINE,
kallast helst Nikko.
Oppkalla etter Nikolaigarden som vi bur på.


Alicante

UT PÅ TUR - UT PÅ TUR - UT PÅ TUR

Då har eg rett og slett bestilt meg einvegs billett til Alicante 9. juni!
Hehe, skal ikkje flytte, men det har seg slik at papsen bur der nede
og eg skal nedover for å køyre bilen deira frå Spania til Norge saman med dei.
Får begynne å studere på Europa-kartet no :)






søndag 22. april 2012

Årets første middag ute i det fri

Tenk at det var varmt nok til at vi kunne nyte middagen ute!
Det er kvardagsglede det!
Får håpe det blir mange fleire slike dagar.
Vi sat godt i le for den kalde nordavinden.

Etter matprat med ei god veninne fekk eg ånda til å prøve
å ovnsbake tomat, mozzarella, maldon-salt,
grovmalt pepper og deilig sitron-olje (frå Olivero),

Slik vart resultatet, kjempegodt!

Blomster er viktig.
Tett før eg køyrde avgårde på hagesenter i dag,
i rein glede over at det gjekk an å vere ute.

Trur far i huset var nøgd med serveringa...


Årstider - nokre rare greier...

Vel, i helga har vi iallfall fått gjort unna vårpussen på grillen,
tatt ut nokre hagemøblar og faktisk ete vår første middag ute.
Det freista til gjentaking, så vi får håpe at det blir betre sommar i år enn i fjor.
Reknar med at det blir meir ruskever, så vi har tatt ut dei gamlaste og styggaste møblane.
Har slutta å telle kor mange bord som har gått til pisis med vinden.


Nikoline syns det luktar godt av møblane som har
stått til lagring i løa...

Sonen i huset chillar

Vakker utsikt frå verandaen

Mor chillar også

og far...
Mens Nikko-pusen derimot øste seg skikkeleg opp,
det var ikkje det spor kjekt å få besøk av Scott.
Han skulle iallfall ikkje få kome opp på verandaen!
Skikkeleg hissig katte!


lørdag 21. april 2012

FROKOSTBLANDING

Her har eg brukt:
Store havregryn
Hakka valnøtter
Gresskarkjerner
ein tøtsj med brunt sukker
(demerara-sukker, liknar på perlesukker, berre at det er lysebrunt)

Ristar dette på steikepanna og serverer med blåbæryoghurt og
friske bær - gjerne i eit fint glas,
mitt er frå Ingrids glassverksted på Brunholmen.





fredag 20. april 2012

God helg!




VED VINEN
La oss sette oss godt tilrette
og drikke vår vin.
Og la våre begre fylles til randen!

La oss glemme at våren snart er forbi -
den kommer igjen!
Tøm ditt beger
mens munnen er villig og varm!

Å, kunne vi glemme at også vårt livs vår
sakte glir bort,
og at vi lenge har følt
vinterens strenge tid.

Wang Wêi (699-759)




Johan Skytt på Godøyfjellet

Det var ein flott kveldstur! Vindstilt og tosifra temperatur.
Målet var steinen Johan Skytt. Eg veit ikkje kvifor steinen heiter det,
og fann ingenting på google heller.
Flott er han iallfall og småsvimmelt var det!



Yess, eg våga!


Evy hadde prøvd før ho


Magne kosar seg i snøflekkane


Fine guten!


Utsikt så ein kan bli audmjuk


torsdag 19. april 2012

God middag

Uten mat og drikke...
God middag medan vi jobba, hadde gjort klart alt på førehand.
Laks, mangosalsa og guacamole, sjølvsagt heimelaga.
Masse gode råvarer på Rema.


Særs aktiv dag, "papirarbeid" og storslått tur til Bremneset

Hadde besøk av ei veninne som skal ha konfirmasjon neste månad,
eg var konsulent og hjelpte med klipping og tilpassing.
Ho hadde ideane og tilfanget, men ikkje heilt orden på metodane.
Flotte sanghefter vart det!
Så måtte vi ut på tur, første dagen det har vore tosifra temperatur. Endeleg!

Barbro og Saxo på Synnesfjellet

Utsikta heim til Synnes

Å kor kjekt det er med vatn!

Kvardagsglede, picnic med ost og kjeks og godt tilbehør

Avslutta med iskaffe

Så måtte hunden spylast før vi kunne ta han i hus

Ein gut som storkosar seg, vil gjerne ha hund...

Ting tar tid, det vart ein lang dag, MEN med bra resultat!


Mykje blått på kjøkkenet - hanen var starten!

Kjøkkenet er dominert av blått.
Det starta med at vi var innom Blaafarveværket på Modum på ein ferietur,
der var ein hane som berre måtte flytte med heim til Vigra...
Dette var før vi bygde huset, sist i førre århundre.

Flott?

Står attmed oppvaskkummen, og ei spansk skål med husfred i må eg alltid ha

Heimespøta kjøkkentvøger - sjølvsagt i fargar som matchar kjøkkenet

Miljø med glaskunst frå Ingrids glassverksted + eit loppisfunn, blått...

Flotte keramikkskåler frå Spania, eg brukar mykje friske råvarer
i matlaginga og dei kan like godt pryde kjøkkenbenken



Ingenting er umulig for ein som er positiv!




Tjeld

Bildet er teke i Synnesvågen når snøen kom rett før påske.
Då var det berre å spenne på seg skia og "gå tur" på
markane rett utfor stuedøra.






onsdag 18. april 2012


Dere gir lite når dere gir av deres eiendeler.
Det er først når dere gir av dere selv at dere virkelig gir.
Profeten av Kahlil Gibran

Godøyfjellet

Det var ein kjempeflott tur,
sjølv om vi måtte snu før vi kom oss opp på Storhornet.
Det var for mykje snø/skare og vi fann ikkje stien.
Rett og slett litt utrygt!
Takk til Astrid for turfølget :)


 Idyllen Alnes



 Utsikt til Erkna

 Bratt opp...

 Bratt ned...

Turveninner