Om meg

Bildet mitt
Turdame. Blir lykkeleg av lyden av bølger som slår mot land eller ein bekk som sildrar. Blir også lykkeleg av lukta av skogbunn og stiar ute i naturen. Fargar betyr mykje for meg og stein finst i alle rom i huset.

søndag 22. april 2012

Årstider - nokre rare greier...

Vel, i helga har vi iallfall fått gjort unna vårpussen på grillen,
tatt ut nokre hagemøblar og faktisk ete vår første middag ute.
Det freista til gjentaking, så vi får håpe at det blir betre sommar i år enn i fjor.
Reknar med at det blir meir ruskever, så vi har tatt ut dei gamlaste og styggaste møblane.
Har slutta å telle kor mange bord som har gått til pisis med vinden.


Nikoline syns det luktar godt av møblane som har
stått til lagring i løa...

Sonen i huset chillar

Vakker utsikt frå verandaen

Mor chillar også

og far...
Mens Nikko-pusen derimot øste seg skikkeleg opp,
det var ikkje det spor kjekt å få besøk av Scott.
Han skulle iallfall ikkje få kome opp på verandaen!
Skikkeleg hissig katte!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar