Om meg

Bildet mitt
Turdame. Blir lykkeleg av lyden av bølger som slår mot land eller ein bekk som sildrar. Blir også lykkeleg av lukta av skogbunn og stiar ute i naturen. Fargar betyr mykje for meg og stein finst i alle rom i huset.

søndag 22. april 2012

Årets første middag ute i det fri

Tenk at det var varmt nok til at vi kunne nyte middagen ute!
Det er kvardagsglede det!
Får håpe det blir mange fleire slike dagar.
Vi sat godt i le for den kalde nordavinden.

Etter matprat med ei god veninne fekk eg ånda til å prøve
å ovnsbake tomat, mozzarella, maldon-salt,
grovmalt pepper og deilig sitron-olje (frå Olivero),

Slik vart resultatet, kjempegodt!

Blomster er viktig.
Tett før eg køyrde avgårde på hagesenter i dag,
i rein glede over at det gjekk an å vere ute.

Trur far i huset var nøgd med serveringa...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar