Om meg

Bildet mitt
Turdame. Blir lykkeleg av lyden av bølger som slår mot land eller ein bekk som sildrar. Blir også lykkeleg av lukta av skogbunn og stiar ute i naturen. Fargar betyr mykje for meg og stein finst i alle rom i huset.

lørdag 18. august 2012

Kveldstur til Signalen (232 m.o.h.)

Hausten er på veg, det mørknar om kveldane,
men vi rakk akkurat heim etter ein fantastisk tur.
Kjenner at gliset går rundt berre eg kjem meg
ut på tur!


Sola var ikkje tilstades, men eit fantastisk lys!

Evy som tok meg med ut på tur, jippi!

Magne fann mykje å snuse på og sjå på

Giske i bakgrunnen

Same plass, annan vinkel, Vigra i bakgrunnen

Rom for tankar

Fin liten varde




tirsdag 14. august 2012

Topp topp-tur!

Eigentleg litt langt for ein kveldstur, men eg var ikkje
så tung å be når Gunhild ringte og ville ha turfølgje!
Målet var Urfjellet (757 m.o.h.)
Stien tek utgangspunkt i Fannedalen mellom
Vatne og Brattvåg.








mandag 13. august 2012

Kattekos!

Både vår katt og naboen sin katt
er klare til å få kos når eg kjem heim frå jobb.
Kan ikkje anna enn å bli glad av slikt :)



Nikoline, vår katt

Bøttulf, naboen sin katt




Skulle vere soldag, vart tåkedag og kosedag

Når ein bur ved havet så endrar veret seg på ein-to-tre!
Hadde akkurat fått på meg bikinien så kom tåka farande!
Vel, pappa og Hanna kom på besøk og vi kosa oss
på tur til Bremneset. Hadde også med hundane
til naboen på luftetur.










fredag 3. august 2012

Ettermiddagstur på Synnes

Kjende at eg var rastlaus og tok ein snerten turvariant,
heime på Synnes og med Hilde og Scott som følgje.
Men så måtte Hilde plutseleg på jobb og måtte
avbryte turen. Vel, eg tok runden over fjellet, ut til Bremneset
og langs med fjellfoten heim.