Om meg

Bildet mitt
Turdame. Blir lykkeleg av lyden av bølger som slår mot land eller ein bekk som sildrar. Blir også lykkeleg av lukta av skogbunn og stiar ute i naturen. Fargar betyr mykje for meg og stein finst i alle rom i huset.

mandag 28. mai 2012

Varmt - kaldt - sol - regn - vind...

Vel, det vart lite soling i pinsa.
Den eine fine dagen vart brukt til planting.
Men vi grilla saman med gode naboar i dag.




Og så laga eg rabarbrasuppe




Kald rabarbrasuppe er ein nydeleg "drink"

Og så chilla vi...


Mor i huset SKAL vere ute, då er det berre å ta på seg ull,
brøye seg ned med pledd og sitte på saueskinn.
Hadde det fortreffeleg, las litt, dubba litt...


Planting - hipp hurra!

Endeleg vart temperaturen slik at det var behageleg å vere ute!
Laurdag morgen tok svigermor og eg laust i retning Viddals Gartneri i Brusdalen.
Der var det umulig ikkje å gå litt amok.
Veldig bra utvalg og utruleg flotte planter!

Takløk på bordet

Raude lister på huset,
så då blir det raude blomster då!

På trappa.
Skal ha ei grøneplante i meierispanna,
og så ei lykt med blålilla lys i.
Då blir eg nøgd :)

Georginer, 5 for 100,-
Blir blomsterflor utover heile sommaren!
Har også stauder i krukker,
sølvknapp som eg har fått av Mali-Solveig
og hosta som tittar opp i fremste krukka.


Litt moderne krukker også,
med oppstamma einer og nokre
fine kvite som eg ikkje veit kva heiter...

Einer og nellik


fredag 25. mai 2012

Kveldstur på Alnes

Ut for å lufte haudet!
Saman med Hilde og Scott.
Veldig skiftande ver med lokale tåkedottar rundtomkring overalt.


Prøvesit benkar, Alnes Vel har ordna
med desse. Vert laga på fengselet iflg Hilde

Er no gul og gild løvetanna, hadde ho berre
begrensa seg til atlegene og holdt seg unna blomsterbedet mitt!

Skjønn liten skapning!
Scott fekk ferten av musa.

Og brått vart det nesten mørkt!

Jaja, småkamera er hendige,
men billedkvaliteten er no berre sånn passe...


søndag 20. mai 2012

Nydeleg maisøndag

For ein flott dag det vart!

Så plukka vi inn blomster

Temperaturen steig

Vi dekka bord
Dette var "barnebordet"
Vi har stor terrasse og masse møblar,
håpar vi får bruk for dei i år.
I fjor vart det lite...

Og gjestane kom
Scott og Hilde, Sissel og Andreas, Martine, Taffy og Rune

Vaflar vart kveldsmat


Det gjeld å gjere sine gleder enkle...

..då blir det liksom fleire av dei.
Dette tegnar til å bli ein fin søndag, vaffelrøra er klar
og grillmaten står i kjøleskapet.
No ventar vi berre på at temperaturen skal stige litt!

Litt kaldt ute enno...

Utsikta er det ikkje noko i veien med

Vaffelrøra er klar

Ein ørliten stemor er alt som pyntar opp ute,
vert ikkje frista til å kjøpe blomster før
gradestokken kryp opp på tosifra iallfall

Nikkopusen er med der det skjer


fredag 18. mai 2012

Kveldstur på Molnesfjellet

I lag med to av Mali-søstrene på tur i kveld.
Det er åt å tørke opp litt i råsene og turen var såleis berre til åtgaum.
No gler vi oss til snart å droppe stillongsen...



Vakker orkide

Fiol?


Kusymre

Sol, sol, kom igjen!
Solen er min beste venn!
No håpar vi på betre temperaturar!


Hilde og Scott
Evy og Magne
Kjekt turfølge :)

Hilde på veg opp bratta på Molnesfjellet


Lykkeleg Scott!


Lykkeleg Lise!
Lepsøya i bakgrunnen


Roald


mandag 14. mai 2012

Vill og vakker vår

Eg og Junior tok med kvar sitt kamera på biltur,
det var ikkje lange stunda vi kunne vere ute før vi fraus inn att i bilen.
Veret var fascinerande i dag.
Guten sine bilder vart mest vellukka,
han hadde det store kameraet.


Sjørøyk


Alnes fyr


Fuglebad

Mor ser litt frøsa ut


Blir liten mot elementa


Flott utløe
Fotografen



lørdag 12. mai 2012

Tur med rom for tankar

Count your blessings instead of your crosses.
Count your gains instead of your losses.
Count your joys instead of your woes.
Count your friends instead of your foes.
Count your smiles instead of your tears.
Count your courage instead of your fears.
Count your full years instead of your lean. 
Count your kind deeds instead of your mean.
Count your health instead of your wealth. 
Count on God instead of yourself.


Ein gjer seg tankar når folk som er nær seg sjøl i alder går bort,
og når folk i nær relasjon er alvorleg sjuk.
Takksemd for å ha helsa.
Takksemd for å ha familie og gode vener.
Takksemd for å ha jobb.

Brått vart det viktigare å ta seg ein luftetur enn å jage kaninene i heimen.