Om meg

Bildet mitt
Turdame. Blir lykkeleg av lyden av bølger som slår mot land eller ein bekk som sildrar. Blir også lykkeleg av lukta av skogbunn og stiar ute i naturen. Fargar betyr mykje for meg og stein finst i alle rom i huset.

torsdag 19. april 2012

Mykje blått på kjøkkenet - hanen var starten!

Kjøkkenet er dominert av blått.
Det starta med at vi var innom Blaafarveværket på Modum på ein ferietur,
der var ein hane som berre måtte flytte med heim til Vigra...
Dette var før vi bygde huset, sist i førre århundre.

Flott?

Står attmed oppvaskkummen, og ei spansk skål med husfred i må eg alltid ha

Heimespøta kjøkkentvøger - sjølvsagt i fargar som matchar kjøkkenet

Miljø med glaskunst frå Ingrids glassverksted + eit loppisfunn, blått...

Flotte keramikkskåler frå Spania, eg brukar mykje friske råvarer
i matlaginga og dei kan like godt pryde kjøkkenbenken


2 kommentarer:

  1. Heia, Blådfame. Gler meg til neste gong eg kan besøke deg i kjøkkenet ditt med den blå hanen. I mellomtida vil eg kike innom deg her på bloggen :) Det er ikkje sikkert at eg legg att spor kvar gong, men eg vil kikke innom jamnleg.

    Klem frå meg ;)

    SvarSlett
  2. Lurte seg med ein f i Blådame.. Gjekk meg forbi i første sensuren :)

    SvarSlett