Om meg

Bildet mitt
Turdame. Blir lykkeleg av lyden av bølger som slår mot land eller ein bekk som sildrar. Blir også lykkeleg av lukta av skogbunn og stiar ute i naturen. Fargar betyr mykje for meg og stein finst i alle rom i huset.

mandag 11. juni 2012

Middag i heimen

Eg som var kokk i kveld,
Hanna var aktiv ryddehjelp på kjøkkenet.
Svinefileten slo an i Spania også.


Kjøkkenroser i kinna og sveitt i panna...

Det smakte bra!

Shopping på Habaneras

Kjekt å få med seg litt shopping også,
men bukser er vanskeleg å finne.
Vi damene kosa oss på flott kjøpesenter,
med innlagt lunsjpause.

Ferskpressa appelsinjuice,
ein absolutt højdare

Toast, akkurat passe porsjon
til ein liten mage

Forholdsvis moderat syns eg...

Var visst i det blågrønne hjørnet i dag,
det var raudt eg leita etter...




Kveldspromenade

Søndagskveldane aular det med folk,
mykje "underhaldning" å kike på folk.


Hanna og pappa i kveldssol

Statue av kvinna som vart til saltstøtte,
ho sat og venta på mannen som skulle kome att frå havet.

Frisk vind, men 29 grader

Så senka mørket seg,
framleis godt og varmt.
Her ved fontena som er eit landemerke i Torrevieja

søndag 10. juni 2012

Frodig

Eit lite utvalg av "beplantinga" rundt huset...
Nesten frodigare enn stueplantene heime!









Sydenvarme er godt

I dag tidleg vakna eg halv åtte til 23,5 grader,
ikkje låkt det!
Vi var på marked og shoppa litt.
Standard er å kjøpe med grilla kylling heim til lunsj,
nydeleg med frisk salat til - og sjølvsagt Aioli!

Tidleg morgenstund

28 gr i bassenget. friskt!

Hanna og pappa handler ferske varer til lunsj

Meter på meter med alt ein kan tenke seg av frukt og grønt,
men rødløk måtte vi leite lenge etter...

Tradisjonell søndagslunsj, markedskylling




Så for eg til sydlegare breiddegrader...

Det vart spaning til siste stund grunna streikane.
Men eg hadde på følelsen at det kom til å gå bra,
og det gjorde det.
Snerte å reise direkte frå Vigra,
pappa og Hanna henta meg på flyplassen
og det vart sein middag på kinarestaurant.
And i appelsinsaus, ein utsøkt nytelse!



onsdag 6. juni 2012

Seilmerket frå hi sida

Kvar vert dagane av?
Lenge sidan sist eg var på tur.
Det gjorde jammen godt!
Kjekt turfølge med Hilde og Scott.
Det vart nye stiar i dag også,
gjekk over Synnesfjellet til Bremneset (som vanleg)
men så gjekk vi baksida via Røsvika heimatt.
Ull, fleece og vindtett treng vi enno.


Ytste Synnes i bakgrunnen

Scott har ikkje lært seg å posere enno,
må knipse ørten-og-fjørti bilder
for å vere sikker på at han blir med

Skal tru om det blir go'bit no?

Det vart visst det, no var vi nøgde!

Flott kveldssol

Nydeleg strandnellik,
det blir mange fotopauser...

...og seilmerket såg ganske likt ut frå hi sida også...

lørdag 2. juni 2012

Nydeleg lunsj

Heldige meg som bur ved havet,
og som har ein mann som har teinedrift som hobby!






Skiftande ver

I går kveld var det regnbyger,
så sol - og så kom den vakre regnbogen rett nedi fjøra vår!



"Slik jeg ser det, må du finne deg i regnet hvis du vil se regnbuen."
Dolly Parton



fredag 1. juni 2012

Det blir fint ute!

Endeleg blir det litt ordnings ute rundt huset også.
"Berre" 10 år sidan vi flytta inn.
Skjer ikkje i turbotempo her nei...
Men det er ikkje så mange dagane det går an å vere ute heller...
Eller kanskje det blir fin sommar i år?
Det trur vi kvart år!

Her skal det bli grusa gangveg

På god veg til å få rekkverk

Mykje godt arbeid i vente,
diger grushaug skal fordelast rundt heile huset

Trillebår de luxe,
fekk seg eit strøk raudmåling så
ho varer nokre år til

Nikko-pusen er med der det skjer :)