Om meg

Bildet mitt
Turdame. Blir lykkeleg av lyden av bølger som slår mot land eller ein bekk som sildrar. Blir også lykkeleg av lukta av skogbunn og stiar ute i naturen. Fargar betyr mykje for meg og stein finst i alle rom i huset.

torsdag 10. mai 2012

På nye stiar...

Ein treng heldigvis ikkje reise langt for å få variasjon her på øyane.
Kveldsturen i dag var i lag med Hilde og Scott.
Vi starta frå Gylgjeberget hos Hilde og gjekk
via Tørrneset og Røsviksanden til Blimsanden.
Mange perler - og fantastisk kveldssol!

Grense mellom gardane?

Sol, men ikkje varmt enno.
Slik brukte vi å tegne sola på skulen...

Fine Scott
Er ikkje opplært til å posere for
masete fotograf - enno...

Fjøretur er rekreasjon og påfyll :)

Hilde og Scott
speglar seg i sanden

Skumdott, hunden likar å jakte på desse

Sanden er fin att,
vinterstormane hadde lagt fram masse rusk og skrot,
men no kan sommaren berre kome!

Kunst i naturen

Vi avslutta med deilig kveldsmat hos Hilde,
her yoghurt og friske bær. Nam!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar