Om meg

Bildet mitt
Turdame. Blir lykkeleg av lyden av bølger som slår mot land eller ein bekk som sildrar. Blir også lykkeleg av lukta av skogbunn og stiar ute i naturen. Fargar betyr mykje for meg og stein finst i alle rom i huset.

søndag 6. mai 2012

Enkle strikkeprosjekt

Har vore limt til sofaen heile helga,
sette meg føre å både utføre og fullføre diverse strikkeprosjekt.
Brukar tida til noko nyttig då sjølv om energien er på lavmål.


Hua har vore ein omgang i maskina til toving,
måtte ein omgang til!
Spent på om eg får ho lita nok...

Calorimetri
Eit slags panneband,
laga på bestilling frå ei klubbveninne

Kjøkkentvøge,
strikka med Mor Aase bomullsgarn frå Rema

Sitteunderlag i Fritidsgarn
Underlaget er ferdig tova, og den gule
rundingen skal tovast og lagast til eit smilefjes :)
Huskar dokke smilefjesa frå 70-talet?
Det var inspirasjon til dette.
Ut på tur, aldri sur!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar