Om meg

Bildet mitt
Turdame. Blir lykkeleg av lyden av bølger som slår mot land eller ein bekk som sildrar. Blir også lykkeleg av lukta av skogbunn og stiar ute i naturen. Fargar betyr mykje for meg og stein finst i alle rom i huset.

søndag 30. september 2012

Strikking er ingen sak - men montering er...!

Då er både Marius og Dorthe
klar til bruk :)
Det sat langt inne med montering av Marius-genseren,
måtte ha mor mi på besøk til hjelp og støtte.
Deretter klarte eg det meste sjølv,
men vart ikkje fornøgd med isyinga av ermane,
så der tok mamma over.
Godt å ha mødre!
 
Strikka i Sisu på pinnar nr 3
slik at han ikkje skulle bli for tjukk

Strikka med 2 ulike garn,
eine er blanding av alpakka og ull,
andre er mix av silke og mohair.
Skikkeleg "varmeovn" dette!

Strikka likegodt ein hals attåt,
er sånn skjerfdame eg...
Kjempetynt garn, mjuk og god
(Same garn som det tynnaste i genseren)

 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar