Kvar vert dagane av?
Lenge sidan sist eg var på tur.
Det gjorde jammen godt!
Kjekt turfølge med Hilde og Scott.
Det vart nye stiar i dag også,
gjekk over Synnesfjellet til Bremneset (som vanleg)
men så gjekk vi baksida via Røsvika heimatt.
Ull, fleece og vindtett treng vi enno.
| Ytste Synnes i bakgrunnen |
| Scott har ikkje lært seg å posere enno, må knipse ørten-og-fjørti bilder for å vere sikker på at han blir med |
| Skal tru om det blir go'bit no? |
| Det vart visst det, no var vi nøgde! |
| Flott kveldssol |
| Nydeleg strandnellik, det blir mange fotopauser... |
| ...og seilmerket såg ganske likt ut frå hi sida også... |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar